Hildegunn & Leif-Per

Hildegunn Moltubakk er ei fråskilt trebarnsmor og husmor frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Tidlegare var ho viden kjend som artist og songar, og har turnert land og strand i årevis saman med den gitarspelande svogeren sin, Leif-Per. Sidan Hildegunn har behelde huset og kjøpt ut eksmannen, Per-Leif, har det vore tøft økonomisk - og betre vart det ikkje då dottera, Brit-Bente nyleg flytta heim igjen med dei fire ungane sine. Då er Leif-Per ei god støtte, og dei snakkar på telefon opp til fleire gonger i veka. 

00:34:04 2022-08-14
Er det innanfor for eksilsunnmøringar i Oslo å knote med dialekta si? Venninda til Hildegunn, Gry-Grethe, har begynt å flyte ut reint dialektmessig, og Hildegunn lurer på om det er greitt å seie frå før det vert for ille.  See omnystudio.com/liste...
00:36:54 2022-08-14
Hildegunn har vore på helgetur til Farris Bad, og vedgår at ho følte seg som ein fisk på land – spesielt då det gjekk opp for henne at alle måtte gå i likt badetøy. For ikkje å snakke om at nudisme har fått eit nytt namn: «tekstilfri sone».S...
00:32:12 2022-08-21
Er det ikkje på tide å gå i demonstrasjonstog for den stakkars avokadoen? Først skal han fraktast på skip, umoden og engsteleg – over Atlanteren, for deretter å hamne i matavfallet fordi den råtnar straks den ser dagslys. Hildegunn og Leif-Per kr...
00:30:17 2022-08-28
Det er ikkje så lett å vere omsorgsfull mamma når dottera på 29, Brit-Bente har flytta heim igjen med fire ungar og ein rottweiler på lasset. Rottweileren er heller ikkje så begeistra for puddelen til sonen, Per-Stig – som òg har det med å stikk...
00:31:08 2022-09-04
Kan du eigentleg kalle ein fastlege som du ikkje har sett på 3 år for ein «fastlege»? Og sidan det går så smått med oss om dagen, med økonomi og straum og alt: Bør vi eigentleg førebu oss på ei framtid der det er vi nordmenn som reiser til Pole...
00:33:07 2022-09-11
Kvifor fekk kvalrossen Freya så mykje meir omtanke i ettertid enn moskusen som rota seg inn i eit boligområde i Isfjorden ved Åndalsnes? Er det best å gje dyra eit namn før det er for seint? Og kor god fotballspelar er eigentleg Erling Braut Haaland?...
00:33:53 2022-09-18
Hildegunn avslører at ho har det med å lommeringe ordføraren i tide og utide. Og no når Dronning Elizabeth er borte, er det ikkje då på tide at vi får vite kor stort hattebudsjettet hennar eigentleg var? For ikkje å snakke om hatteøskjebudsjettet...
00:32:23 2022-09-25
Kven kan med handa på hjartet seie at dei veit kva som er skur og kva som er tresking? Og kva er det tannlegen gjer som kan føre til at du får eit horn i panna?See omnystudio.com/listener for privacy information....
00:30:15 2022-10-02
Hildegunn avslører at ho lenge har hatt ein draum om å jobbe som privatetterforskar, og har sjølv sine meiningar om Eirik Jensen-saka. Og kva slags møblement og utstyr har du sjølv ståande heime, i tilfelle kongen skulle kome forbi på ein kopp te?S...
00:31:57 2022-10-09
Hildegunn lurer på om ho har ei tvangsliding som kom fordi ho er blodgivar. Og dersom vi i Noreg skulle teste ut ordninga med opplyst einvelde – er då kanskje Lothepus den som bør ta styringa?See omnystudio.com/listener for privacy information....
00:32:45 2022-10-16
Kva er det beste møbelet når ein skal snakke med psykologen, sjeselong eller saccosekk? Og kvifor bruker Fredrik Solvang i Debatten i NRK dressjakka til Rikerud i Andeby?See omnystudio.com/listener for privacy information....
00:33:07 2022-10-25
Kva er det med hundeeigarar som berre tek for gitt at tilfeldige turgåararar berre må elske hunden deira like høgt som dei gjer sjølve? Og er du like distré som Hildegunn?See omnystudio.com/listener for privacy information....
00:33:33 2022-10-30
See omnystudio.com/listener for privacy information.
00:36:57 2022-11-08
Hildegunn er invitert til reunion for vidaregående for n’te gong, men har lite lyst - og treng ei unnskulding som held vatn.See omnystudio.com/listener for privacy information.
00:35:01 2022-11-14
Kven var det som bestemde at vaksne folk treng julekalendarar til femten hundre kroner - for å korte ned den vanskelege ventetida til jul?See omnystudio.com/listener for privacy information.
00:33:21 2022-11-21
Hildegunn har sagt ja til ein telefonselgar berre éin gong i livet sitt, og Leif-Per veit korleis folk som er brennande engasjert i revisjon høyrest ut.See omnystudio.com/listener for privacy information....